Informasjon til alle med fritidsbustad eller campingvogn i Seljord kommune 15.03.2020

Informasjon frå Seljord Kommune

Vi oppmodar alle om å følge dei nasjonale påboda og oppmodinga frå statsministeren om å bli heime og ikkje reise på hytta. I Seljord har vi òg mange campingplassar. Det gjeld dei same påboda for dei som har ei campingvogn i Seljord kommune som dei med ei hytte eller annan form for fritidsbustad.

Seljord kommune viser til “Forskrift om karantene, isolasjon og forbud mot opphold på fritidseiendommer mv. i anledning utbrudd av Covid-19” vedteken i statsråd i dag 15.03.20 og nasjonale føringar for å avgrense reising og smittespreiing; «Helsedirektoratet ynskjer at innanlands transport skal gå mest mogleg som normalt, men me oppmodar sterkt alle til å unngå fritidsreiser.»

Vi viser òg til vedtak i Seljord kommune i dag om 14-dagar karantenepåbod for reisande frå Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Innlandet, Vestland og Trøndelag. Vedtaket vil innebere at dei som kjem til fritidsbustaden sin i Seljord frå desse områda omgåande vert sett i heimekarantene.

Har du allereie reist til din fritidsbolig i Seljord kommune ber vi deg om å reise tilbake til heimkommunen din.

Vi oppmodar òg folk om å ikkje komme til Seljord for å besøke familie eller andre som bur i kommunen. Helse- og omsorgstenesta vår tek vare på dei som treng pleie- og omsorgstenester.

Alt skjer fort og vi klarar ikkje å halde alle oppdatert på alt til ein kvar tid. Alle blir oppmodar til å følgje med og oppdatera seg på utviklinga via:
  • Folkehelseinstituttet, www.fhi.no
  • Helse Noreg, www.helsenorge.no
  • Sentrale mediehus i Noreg, for eksempel NRK


    Hilsen
    Beate Marie Dahl Eide Ordfører og Kine Jordbakke Kommuneoverlege


    hygieneplakat-smitte-1 25png